onsdag 26. februar 2014

2.gongs fornying...



















For nokre år sidan blei Puffane som er ein del av eit soveromsmøblement med seng, skåp, toalettbord og nattbord, fornya med kvit måling... Puffane bur på kjøken då dei er særs funksjonelle til å både lagra opptenningsved og interiørmagasin i, og ikkje minst kvila føtene på når ein sitt i gyngestolen ved peisen... Men med nytt kjøken var det tid for 2. gongs fornying av både farge og tekstil...



















Puffane blei renovert i hengslene, det blei måla nokre strøk så ein fekk ein svart silkematt overflate, så blei det slitne men fine raude og kremfarga stoffet bytta ut med grått møbelstoff i ull... og eit par heimetrukne knappar av utgått ytterjakke i ull...

Ingen kommentarer: